Kva heiter du, kvar er du frå og kva tid er du fødd?
Trude Flø Johnsen, er frå Ørsta på Sunnmøre og er født i 1982
 
 
Kva gjer du no for tida? 
I september 2021 starta eg i ny jobb og er no tilsett i Avonova Helse avd. Sunnmøre, som er ein del av ei nordisk bedriftshelseteneste. Eg jobbar som Key Account manager, samt ressursperson innan fysisk aktivitet, foredrag m.m. 
I tillegg er eg gruppeinstruktør på ToppTrening Ørsta (snart Family Sports Club Ørsta), der eg også er medeigar og styremedlem. Det er på ToppTrening eg har jobba dei siste 14 åra. Eg har vore dagleg leiar for treningssenteret, som har omlag 700 medlemmer, og er eit «fullservice» treningssenter. 
 
 
Kvifor har du valgt denne utdanninga? 
Eg tok først «kroppsøving og friluftsliv» som ein del av lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Dette gav meg ein «peikepinn» på at eg ønska å jobbe med fysisk aktivitet og helse, det eit naturlig val å fortsette ved Norges idrettshøgskule og denne studieretninga. Eg brukar kunnskapen frå studiet i nær alt eg jobbar med, og har hatt stort utbytte av kombinasjonen av folkehelse, endringspsykologi, fysiologi og treningslære. 
 
 
Kva brenn du særleg for som trening og helsefysiolog? 
Det er fleire tema som engasjerer meg, men eg er særleg opptatt av at fysisk aktivitet og trening skal vere lett tilgjengeleg, lite komplisert, gi livskvalitet og god helse. I yrket mitt har eg vore opptatt av treningsglede og å skape eit inkluderande treningsmiljø – der vi ser og respekterer kvarandre. Eg trur det har senka terskelen for å besøke treningssenteret for mange, og er ein del av suksesshistorien til ToppTrening. 
I tillegg er eg interessert i testing av fysisk form, og finne metodar som kan vere tilgjengeleg for ulike individ – eg ser det kan gi god kundeverdi å objektivt kunne vise endring. 
 
 
Kva tenker du er det aller viktigaste arbeidet til ein helse og treningsfysiolog? 
Gjere kunnskapen og fagfeltet kjent for andre, og gjere behovet for fysisk aktivitet like attraktivt som å kvile på sofaen. 
 
 
Kva tenker du må til for å verte kjent med oss som yrkesgruppe? 
Vanskelig spørsmål, og det er ein lang veg å gå. Eg trur at foreininga sitt arbeid er veldig viktig, det trengst politisk påverknad og støtte frå utdanningsinstitutta. Dei som skal tilsette denne yrkesgruppen, må også vite kva vi kan. Der trur eg det er eit stort gap. Eg trur også det kunne vore nyttig å hatt fleire sertifiseringar i utdanninga, samt blitt autorisert som «helsepersonell».